Foto: Andre Eide

Julekonsert i Tysnes Kyrkja på Laurdag

Publisert av: Vegard Aslaksen
17/12/2019 21:41

Vil du sikra deg god julestemning før høgtida tar til? Ikkje gå glipp av julekonserten med Andre Eide, Adele “Jadelle” Erichsen og Tove Virata Bråthen på Laurdag. Les meir om arrangementet her.

André Eide er kjend som organist på Tysnes. Forutan dette reiser han rundt i heile landet som pianist på diverse prosjekt med forskjellige artistar. Han var nyleg aktuell som deltakar i Norske Talenter på TV2.

Nyleg innleia André eit samarbeid med stjerneskotet Adele “Jadelle” Erichsen. Eit samarbeid som er spådd ei lysande framtid!

Litt om Adele:
Adele “Jadelle” Erichsen frå Kverneland på Jæren(Rogaland) har drive aktivt med musikk sidan ho kom på 4.plass i den aller fyrste MGP-Junior som 15 åring i 2002. Etterfulgt av 2 semifinalar i Idol og deltaking på The Voice har ho jobba aktivt med musikk i inn- og utland. Ho har budd 3 år i Las Vegas, der ho skreiv låtar og spelte inn 4 musikkvideoar under artistnamnet Jadelle. Desse har fått fleire millionar visningar på YouTube og har vore innom listeplassering på Billboard og australske Aria Chart. No har ho flytta heim til Jæren og starta nytt samarbeid med sin eminente og dyktige pianist André Eide. Ho har fleire spanande prosjekt på gang, men gler seg fyrst og fremst stort til å få laga julestemning på Vestlandet. “Det viktigste for meg er å treffe hjertet og sjelen til de som hører på meg”.

Tove Virata Bråthen er forfattar og føredragshaldar. Ho har sidan lanseringa av boka «Fasetter av sorg» hausten 2018, hatt ei rekkje poesiføredrag. I Tove sine dikt og refleksjonane rundt desse, er det livet i alle sine fasettar med ljos og mørker, kjærleik og sorg som står i sentrum. Ho har i over eitt år hatt eit nært samarbeid med André Eide, som har sett musikk til mange av desse poesiføredraga, og bidrege til å gje dei ei heilt spesiell ramme.

Desse kan du høyra saman om du kjem på julekonsert i Tysnes Kyrkje lørdag 21.desember kl 18.00.