Julegåver som varmar og gleder!

Publisert av:
24/11/2016 17:33

Julegåver med mykje omtanke varmar ekstra godt i juletida.

Gåvene kan vera til barn/ungdom, men kan også vera ei familiegåve og det er ikkje storleiken som tel, eller prislappen på gåva. Julegåvene skal vera innpakka og merka med alder og kjønn el familie, og kan leggjast under juletreet på Tysnes Rådhus (resepsjonen)  måndag 28. nov – fredag  16. des,  eller ta kontakt med Frivilligsentralen på tlf 94052087 / 99331168.

Familie-barnevern og flyktningtenesta sørger for at gåvene vert levert til mottakarane på ein god måte.

Jul for alle!

Er du i ein familie el har barn/ungdom i ein vanskeleg økonomisk situasjon, er du hjarteleg velkommen til å melde deg som  mottakar av julegåver. Send ein e post til: post@tysnes.frivilligsentral.no el ta kontakt på tlf 94052087 / 99331168. Det me treng å vita er t.d. alder på borna, kjønn og adresse for levering.

Frist for innmelding av behov:  15. desember.

Alle henvendelsar vert behandla konfidensielt.

Bytedag

Me vil også få til ein Bytedag i løpet av januar der ein kan byta sportsutstyr, leker, klede og liknande. Dette vert annonser når dag og lokale er bestemt.