Publisert av:
28/11/2008 20:33
Julegateopning Våge
Klokka 17 i ettermiddag var det julegatopning i Våge. Julegatene vart tende og som vanleg dukka nissen opp.
Trass for surt og kaldt vér kom det mykje folk. Borna var sjølvsagt spent på kva nissen skulle finna på.
Nissen fann fram gitaren og drog nokre låtar som engasjerte både borna og dei vaksne!
Som vanleg var det også nisseorkester frå Tysnes skulekorps som spelte vakre julesongar.
Alle bilete: Arild Frøyseth