Julegateopning i Lunde

Publisert av:
25/11/2011 19:35

Det var mange som hadde tatt turen innom Lunde senter for julegateopninga fredag ettermiddag.

Som vanleg var Tysnes skulekorps på besøk og spelte mange fine julesongar for dei frammøtte.

Så kom sjølvsagt nissen og delte ut små pakkar til alle borna.

Salet av stjerneskot gjekk unna og vart utseld, og ungane storkoste seg med dette, medan dei vaksne fekk seg gløgg frå panna inne i butikken.

10.klassen nytta høve til å få inn pengar til skuleturen til våren. Dei selde heimalaga julekaker.