Julegateopning i Lunde

Publisert av:
26/11/2010 19:04

Ved Lunde Senter var det julegateopning i ettermiddag.

Tysnes skulekorps opna det heile med å spela tre julelåter med Yngve Nikolaisen som dirigent.

Like etter kom julanissen med sekken på ryggen og sette seg ned på ein benk, før ungane samla seg rundt han. Ungane hadde også fått seg stjerneskot som dei sveiva rundt for å markera julegateopning 2010.

Inne i butikken vart det servert varm gløgg noko som fall godt i smak i det kalde vintervéret me no har på Tysnes.