Inviterer til Laksafest
29/7/2016 12:40
«I fjor serverte me nesten 580 porsjonar laks, og no er spørsmålet om me klarer å toppa det», seier Gerhard Meidell Alsaker.
I kveld inviterer han høvdingar og blotsmenn, fastbuande og ferierande, kjende og ukjende til den tradisjonsrike Laksafesten på Alsaker Brygge. Festen blir arrangert for 22. gong og har blitt ein svært populær treffstad. I fjor var det kring 600 personar som møtte opp for å få smaka grilla laks og godsaker. Samt ta seg ein svingom utpå kvelden.
– Dette er ein fin plass å treffa både fastbuande og ferierande. Det har faktisk blitt den største treffstaden på Onarheim gjennom året, seier Gerhard.
Fredag føremiddag var Alsaker sjølv i full sving med klargjering av herremåltidet i lag med dei gode hjelparane Oddvar Helland og Åge Enes. Dei tre rutinerte karane kutta, krydra og pakka ei lakseside per minutt. Dermed gjekk det unna som på eit samleband.
– Det var ein kar i sandalar som metta 5000 med nokre fisk. Eg reknar med at om nokre år så skal me nærma oss, ler Gerhard.
Han kan elles opplysa om at godvêr er bestilt til kvelden. Dersom det ikkje slår til, er det leverandøren som sviktar – ikkje bestillinga. For sikkerheits skuld er det sett opp ekstra telt, slik at alle skal få koma inn under tak.


Tekst og foto: Lena Vermedal, Alsaker Fjordbruk