Intensjonsavtale om samanslåing
16/12/2020 21:02
Tysnes Sparebank har inngått intensjonsavtale med Etne Sparebank om samanslåing
Intensjonavtale om samanslåing med Etne Sparebank
Styret i Tysnes Sparebank vedtok i styremøte 16. desember 2020 å inngå intensjonsavtale om samanslåing med Etne Sparebank. Dei to bankane er omlag jamnstore og driv begge som lokalbankar i kvar sine marknadsområde.
«Det er to likeverdige bankar som vurderer å slå seg saman, og ei samanslåing vil etter vår vurdering vera den beste løysinga for våre kundar, tilsette, eigenkapitalbeviseigarar og lokalsamfunn» seier banksjef Dag Sandstå.
Fakta om ein samanslått bank
Dersom bankane vert slått saman vil fylgjande vera fakta for den nye banken:
Antal kundar: om lag 12.000
Herav omlag 11.000 privatkundar og 1.000 bedriftskundar
Forvaltningskapital: 6,8 milliardar kroner
Antal årsverk: 33,5
Antal kontor: 4 (Våge, Stord, Husnes, Etne og møteplassar i Laguneparken, Rosendal og Halsnøy)
Marknadsområde: Sunnhordland og Bergen sør mot Bjørnefjorden
Samanslåinga styrkjer dei lokale arbeidsplassane, og ingen vil miste jobben som fylgje av dette.
Eit naturleg felles marknadsområde
Tysnes Sparebank vedtok i 2014 ein ny strategi med å etablera nye kontor utanfor kommunen. Husnes i Kvinnherad er det kontoret som ligg nærast Etne kommune. Saman med Etne Sparebank vil ein samanslått bank få heile Sunnhordland som sitt primære marknadsområde.
«Ei samanslåing av dei to bankane vil vera med å sikra lokalbanken si framtid i regionen, og for kundane er målet at den nye banken skal kunna tilby lokalbanken sine fortrinn i lang tid framover» uttalar banksjef Dag Sandstå.
Vidare prosess
Etter at intensjonsavtalen no er inngått vil arbeide med å framforhandla ein endeleg samanslåingsavtale starta. Dette arbeidet tar til like over nyttår. Målet er at ein avtale om samanslåing skal handsamast av bankens sitt øvste organ, forstandarskap, innan sommaren 2021.
Tentativt vil bankane teknisk kunna vera samanslått rundt sommaren 2022.
PRESSEMELDING frå Banksjef Dag Sandstå, Tysnes Sparebank