Publisert av: May Britt Meland
26/11/2020 12:45
Innsamling av strikkeprosjekt
Er du ein av dei som har strikka til dei små nyfødde i Nepal? Jorunn Bjordal i Bygdekvinnelaget fortel at det vert innsamling av tepper, huer og sokker. Du kan levera inn det du har strikka i Tysnes bedehus 8. desember kl 16.
Tidlegare har også Normisjonen hatt basar. Grunna smitteverntiltak vert ikkje sjølve basaren gjennomført i år. Trekninga vert tirsdag 8. desember kl 16.