Innfører totalforbod mot å gjer opp eld
14/6/2023 21:34
STOR SKOGBRANNFARE: TOTALFORBOD INNFØRES.
Skogbrannfaren er no stor i Tysnes kommune og elles på vestlandet, og ser ut til å verta større i dagane som kjem. Tysnes brann og redning innfører difor totalforbod mot å gjøre opp eld utandørs frå og med i dag onsdag 14. juni 2023.
Forbodet gjeld førebels fram til 30. juni 2023. Brannsjefen vil då ta ei ny vurdering om det er naudsynt å forlengje totalforbodet.
Totalforbod – Kva inneber det?
Ved eit totalforbod er det ikkje lov å gjera opp eld:
– i og i nærleiken av utmark og innmark
– på tillrettelagte grill- og bålplassar i eller i nærleik av skog og utmark.
Forbod i utmark og innmark
Under eit totalforbod er det ikkje lov å brenne bål, nytta grill,stormkjøkken, andre kokeapparater, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kull, briketter, gras, greiner ol) Dette gjeld skog og anna utmark eller så nær at eld lett kan spreias vidare i terreng, samt innmarksområder.
Kva er innmark og utmark?
– Innmark er dyrka mark, engslått og kulturbeite.
– Utmark er det meste av skog, strand, fjell, eng , myr vatn og anna type landskap.
Skular og barnehagar
Brannvesenet mottek mange henvendingar frå skular og barnehagar som ynskjer å tenna bål eller bruke grill på tur. No når det er totalforbod oppmodar me om å finna andre løysingar for å kose seg med mat ute.
Lov å grille i eigen hage
Me presiserar at det framleis er lov å grille i opparbeida hage, skulegard og større asfaltert område. Hugs at du alltid er ansvarleg når du gjer opp eld, uansett kor du er og når på året det er.
Verksemder
Me ber også verksemder som driv med til dømes skogdrift, linjearbeid kraft og tele, kantklypping av vegnettet og liknande om å redusere risiko for brann.
Din eld ditt ansvar!
Totalforbodet gjeld for Tysnes kommune.
Brannsjefen