Innbrot i naust
14/3/2011 21:35
Det er Tysnes kommune som eig naustet. Tysnes Kystlag har ansvaret for drifta av naustet og for ei tid sidan laga dei til eit tilbod til båtfolk som treng straum. Mot ei frivillig avgift på 50 kroner har båtfolk hatt tilbodet å skaffa seg straum ved sjøen.
I helga oppdaga Kystlaget at nokon hadde brote seg inn. Hengelåsen på naustet var klyppt av og folk har teke seg til rette og brukt av straumen så mykje dei har vilja. Det fortel Rune Lunde til Tysnesingen.
– Me ser jo på målaren at det er straum dei har tatt dei som har brote seg inn der, seier Lunde.
Han legg til at tilbodet i utgongspunktet har vore eit tapsprosjekt for Kystlaget, og no når båtfolk tek seg til rette med å bryta seg inn og “stela” straum, så kan tilbodet koma til å forsvinna.
– Me vil prøva eit år til med dette straumtilbodet til båtfolk, og oppfordrar folk til å gjera opp for seg, slik at tilbodet kan halda fram også i framtida, sluttar Lunde.
Innbrotet er meldt til politiet.