Publisert av:
28/1/2014 07:54
Ingvar Moe: tekstar, tonar og tankar
Jimmy Næs syng og les Ingvar Moe
Tid: Mandag 3. februar kl 18.00
Stad:Grendatun
Inngongpris: Kr 150,-
Kafè open frå kl. 16.00.
Om programmet:
Ingvar Moe var forfattar, kåsør og moromann.
Han var ein opprørsk og satirisk diktar med ei særeiga stemme. Moe skreiv med kjærleikshat til heimbygda Etne, kritiserte hykleri og fordommar, men elska staden, dialekten og krafta i folket.
Han var ein opprørsk og satirisk diktar med ei særeiga stemme. Moe skreiv med kjærleikshat til heimbygda Etne, kritiserte hykleri og fordommar, men elska staden, dialekten og krafta i folket.
Moe blei fødd 11. desember 1936 i Etne, Sunnhordland og døydde i Trondheim 2. september 1993. Han tok lærareksamen ved Stord lærarskule i 1959 og arbeidde som lærar i ungdomsskulen 1960–1980, mellom anna i Nøtterøy og Nodeland. Han gav ut over 20 bøker, skreiv både dikt, noveller, lærebøker for grunnskulen ved sida av kåseri, revytekstar og popsongar.
Ingvar Moe debuterte som nyskapande «dialektdiktar» i 1975 med diktsamlinga løktastolpefrø og brukte dialekt i dei første bøkene. Seinare skreiv han eit dialektnært og personleg farga nynorsk normalmål.
Det ambivalente forholdet til heimbygda er grunntonen i Ingvar Moes dikting. Kritikk av dei negative sidene ved bygda, trongsyn, fordommar, sladdersjuke og framandfrykt, har solid tradisjon i norsk bygdemålsdikting. Ingvar Moe fornya og utvikla dette i nye sjangrar, i modernistiske og personlege dikt, og i overrealistiske prosatekstar.
Som kåsør i NRK radio hadde Ingvar Mo eit stort publikum. I kåseria, som er samla i bøkene Kjære kyrkjefolk (1981) og Frå oppvaskkummen (1983), raljerte han ironisk og respektlaust med tema i tida.
Jimmy Næs er trubadur, tekstforfattar, komponist og formidlar.
Han er oppvaksen i Rosendal, der han var medlem i popgruppa “Sofus”.
Etter kvart – då han flytta til Bergen, og seinare til Etne – var det visesang som hadde fokus. Han har vore aktiv i revy- og kabarètlivet, og var frontfigur visegruppe og visekro lokalt i Etne/Ølen. Han har også vore nytta i Nrk sine lokale program.
I dette programmet har trubaduren Jimmy Næs laga 4 viser med tekst av Ingvar Moe. I tillegg har kjende artistar som Vamp, Olav Stedje, Stanley Jacobsen og Vestlandsfanden framført songar med Moe sine tekstar. Tonar er elles laga av Otto Aalmo, Morten Odeen, Øyvind Staveland, Stanley Jacobsen, Jonas Fjeld, Erik Kvalheim, Reidar Brendeland, og Nils Halleland.
Programmet inneheld – i tillegg til 16 viser og songar – nokre dikt og forteljingar. Programmet varer inntil omlag 75 min.
Sissel Karin Clausen
Tysnes Frivilligsentral.
Tysnes Frivilligsentral.