Ikkje tildelt stilling
12/3/2011 12:32
Etaten er veldig skuffa over at Tysnes ikkje nådde opp i prioriteringa denne gongen.
Dette vil sjølvsagt ikkje betre den vanskeleg situasjonen innan barnevernet i kommunen.
I Hordaland vart det søkt om i alt 68,5 stillingar og det vart tildelt 37,65 stillingar. I vedlegget er det oversikt over dei kommunane som har fått stillingar og nedanfor står dei kommunane som ikkje har fått stillingar.
Tysnes kommune kan pårekna å få tildelt kompetansemidlar i 2011 i andre søknadsrunde med søknadsfrist 01.09.11. (Dette i følgje Eirik Lyssand)
Seniorkonsulent Eirik Lyssand (tlf. 55 57 22 77 ) hjå Fylkesmannen i Hordaland opplyser at Regjeringa legg opp til ytterlegare opptrapping i øyremerka midlar til stillingar i barnevernet i 2012 og seier at Tysnes då vil bli prioritert.