Hyggeleg og interessant for elevane i 6. klasse
14/11/2025 07:10
Også denne hausten har alle 6. klassingane og lærarane deira fått koma til Tinghuset for å læra om jåttseglarane og alt det spennande sogelaget og bygdekvinnelaget har å visa fram.
Det gamle Tinghuset i Uggdal har verkeleg vorte ei verdfull kulturell skattkiste. I løpet av året er det god aktivitet der med ei rekkje utstillingar og arrangement. Til dei årlege tilboda og aktivitetane høyrer opplegget dei tre laga har for Tysnes sine 6. klassingar, noko som har vorte ein haustleg tradisjon, og som gjev glede både for elevane, lærarane og vertskapet.


I løpet av timane i Tinghuset får elevane innføring i dei ulike samlingane, dei får tid til å sjå på alt saman og det er quiz med spørsmål knytt til det som blir demonstrert og fortalt om. Elevane syner interesse og er flinke til å spørja. Det er kjekt å ha dei på besøk, og laga er opptekne av at dei unge får med seg slik lokal og viktig kunnskap.

Ei populær og fin avrunding på «skuledagen» i Tinghuset er det gode måltidet som bygdekvinnelaget står for. Det vert sett stor pris på og er med på å gje elevane eit positivt og godt inntrykk av alt som Tinghuset og desse tre laga har å by på.
Tekst og bilete: Hans Ole Dalland