Hummartjuveri

Publisert av:
23/10/2009 16:04

Folk i Lunde er plaga av simple hummartjuvar.

Ein lesar av Tysnesingen fortel om ein som har fiska mykje og omsider fått fanga seks humrar som stod i ein fiskekasse i Sydningjo (innlaupet til Gripnesvågen).

I løpet av den siste veka har nokon simple tjuvar vore og tatt fangsten. – Skulle tru at slik skulle få stå i fred, men det er diverre ikkje tilfelle, seier han.

– Folk bør vita om at det er slike simple tjuvar som rek rundt langs øya vår, sluttar han.