Hot Club De Norvege

Publisert av:
11/2/2012 18:14

Dei vitja oss sist under Tysnesfest 2010, no kjem dei til Mandelhuset med ein intimkonsert, dei vil nok ein gong gje tysnesingar ein stemningsfull kveld som er heilt unik i sitt slag. Før konserten blir det som alltid ein nydeleg showmeny servert i Sjøhuset, så her lyt dykk samlast og få ein heilaftan som sett alle sansar i spel.

Hot Club De Norvege er eit av landets hotteste liveband, og har vore kontinuerlig på vegen sida hausten 1979. Dei regnast internasjonalt blant dei framste i sin stilart, ofte kalla string swing. Med utgangspunkt i musikken til den legendariske sigøynergitaristen Django Reinhardt har dei i dag kommet frem til sitt eige uttrykk, og eit unikt sound. De har turnért over hele kloden, og samarbeidet med alle dei store innen genren, foruten norske artister som Lillebjørn Nilsen, Øystein Sunde, Odd Børretzen, Ole Paus, m.fl.

Showmeny i Sjøhuset

På kvelden blir det på den fineste porselen, servert dei lekreste retter, dine glas bli fylt av eventyr som før kun var meint for konger og geistlige. Den tid er over, og hjå oss er alle konger og dronninger, dykk er velkommen!

Menyen er som følgjer:

Forrett: Mørdeiginnbakt skogsoppsuppa servert med nybakt foccacia og aioli.
Hovudrett: Heilsteikt ytrefilet av elg med duchessepoteter, palsternackamousse og krema cognacsaus.
Dessert: Champagnemousse med marinerte bær

Laurdag 25.februar
Servering i Sjøhuset: 18:00
Konsertstart: 21:00
Billett til konsert: 300,-
Showmeny inkl billett: 700,-