Hordfast stadig i vinden
21/3/2016 09:41
Reknestykka er mange, og resultata er svært ulike. Vil prosjektet ha nytteverdi for heile Vestlandet, eller vil effekta bli størst lokalt?
Ordførar Kåre Martin Kleppe uttalar til NRK at det vert vanskeleg å argumentere for samfunnsnytta når det er så enormt sprik i analysane.
Konsulentselskapet COWI har sett på ringverknadane av fjordkryssingsprosjektet mellom Stord og Os, og meiner det ikkje vil gje særleg vekst i desse kommunane. Verdiskapingseffekta av prosjektet vil verte liten om ein samanliknar med kostnaden på prosjektet.
Tysnes derimot kjem godt ut i reknestykket og ekspertane meiner kommunen vil ha god effekt av prosjektet. Reisetida til Os som no ligg på 94 minutt, vil verte heile 57 minutt kortare i følgje reknestykket som COWI har lagt fram.
Harald Minken ved Transportøkonomisk Institutt er kritisk, og seier til NRK at han meiner dei fleste reknestykka om ferjefri E39 er alt for optimistiske.