Hobbyheimebakeri
10/8/2016 16:53
30 juli opna dørene i det nystarta hobbyheimebakeriet på Vassneset.
Bakeriet har ikkje faste opningstider, men held ope i helgar og feriar når familien er i feriehuset i Lunde. Det er Janniche Hole som sjølv bakar.
Når det er ope syner eit beskjedent treskilt ved hovedveien med teksten “Bakeri” vegen til feriebustaden på Vassneset der ein finn dei deiligaste bakevarene i det nyinnreia bakerilokalet i kjellaren.
Utvalet er det ikkje noko å seie på! Her får ein alt frå rundstykker, baguettar, skulebollar, kanelsnurrar og Lundebrød.
Opningstider og utvalg vert annonsert på facebooksida til Villa Lunde Bakeri, så følg med om du vil ha rykande fersk heimebakst.
Ut frå responsen å dømma, er dette eit svært populært initiativ. Til no har det berre gått nokre timar før alt er rive vekk, så bakaren har sett fleire og større deiger slik at fleire skal få høve til å handla.