Historisk rektortreff

Publisert av:
30/9/2010 06:37

Tidlegare rektor ved Os gymnas, Henning Henriksen, og fleire andre tidlegare rektorar møttes sist måndag til eit historisk rektortreff på Nordahl Grieg videregående skole.

Henriksen som er tysnesing starta lærargjerninga si alt som 20 åring på Ånuglo under krigen. Då freden kom, var han lærar på realskulen i Rosendal, så bar det av garde til Danielsen skole i Bergen, før han studerte og tok hovudfag i norsk, med tysk og historie som dei to andre faga. Deretter vart det Os gymnas.

Det er 21 år sidan Henriksen gav seg som rektor. – Eg har likt å jobbe i skulen. Det har vore ei god tid, men no er eg blitt litt dårleg til beins, seier Henning Henriksen til nyttios.com.