Helene Bøksle x 2
8/3/2012 05:36
Dette vert ein gratiskonsert for dei buande på sjukeheimen, samt at ein vil prøva å nå ut til dei eldre som er heimebuande. Tysnesfest set stor pris på at Bøksle har takka ja til å opptre på Sjukeheimen. Dette er med å byggje opp rundt tanken på å levera eit program for alle aldrar.
Helene Bøksle er ei av landet sine store songsstjerner innan moderne tradisjonell musikk. I 2006 gav ho ut debutplata “Elverhøy”, som blei nominert til Spellemannsprisen. I januar 2009 kom oppfylgjaren “Morild”, og i desember samme år juleplata “Det Hev Ei Rose Sprunge”, som har solgt til platina! Helene Bøksle er ein erfaren og dyktig liveartist som har trollbunde det norske folk med si heilt spesielle og praktfulle stemme.
I tillegg til sine eigne utgivingar, har Helene også lånt stemma si til flere prosjekt, bl.a på temamusikken til det verdsberømte PC-spelet “Age Of Conan”.
Vinteren 2011 deltok Helene Bøksle i Melodi Grand Prix med låten “Vardlokk”. I haust reiser ho ut på ein omfattande juleturnè landet rundt, og i 2012 slepp ho sitt 4. studioalbum.