Publisert av:
12/7/2017 15:48
Hektiske dagar både ute og inne
Tysnesfest har ei eiga gruppa som står for maten til dei frivillige. Gruppa består av frivillige i tillegg til personar frå Helselaget og busette flyktningar.
Malin Kongsvik, som har eit overordna ansvar for denne gruppa, fortel at det er sett opp ulike vakter for å fordele arbeidsoppgåvene. Det vert laga frukost, lunsj og middag kvar dag. Kor mange som kjem innom og et varierer, alt frå 80 til 145 personar dei siste dagane.