Heimetap

Publisert av:
5/6/2010 07:33

Njardar sitt a-lag fekk ingen poeng i heimeoppgjeret mot Nore Neset på Vassbakken torsdag.

Gjestane tok leiinga i 1.omgong og Njardar hadde ikkje flyten i spelet før pause. Det kom seg litt i 2.omgong, men tysnesingane klarte ikkje å få ballen i nota. Dermed enda det med 0-1 tap.

Gutelaget spelte borte mot Fana. Det vart 1-5 tap. Fana var eit betre lag, og det var ingenting å sei på sigeren deira. Christian Ottem scora Njardar sitt mål.