Heilaftan i Tysneshallen
19/8/2009 21:05
Fredag byr Tysnes musikklag på show og dansegalla i Tysneshallen. Fyrst ute på scena er Rune Larsen og Helge Nilsen med fleire, for å framføra det kritikarroste showet «Save the last dance». Showet er ein hyllest til striladansen, og nettopp «striladans» var svært popoulært på Tysnes både på 60-, 70- og 80-talet.
Straks Rune Larsen & co har spelt siste tone, overtek GruppeSax og spelar opp til dans. Den populære gruppa har spelt alle dei fem årene Tysnes musikklag har hatt dansegalla og har sin «Grand finale» under årets arrangement. Eigentleg har dei lagt opp allereie, men heldigvis tromma dei saman gjengen til ein siste dans.
Det er sett opp bussar til dansegallaen. Rute 1 startar frå Vattedal kl. 19.15, køyrer via Hodnanes og Uggdal til Tysneshallen. Rute 2 startar frå Onarheim kl. 19.15, køyrer via Nymark og Lunde til Tysneshallen. Rute 3 startar frå Skår på Reksteren kl. 19.00 og køyrer via Hålandsneset og Søreide til Tysneshallen. Alle bussane har retur frå hallen kl. 02.00.