Publisert av:
10/12/2008 08:00
Havna på tvers
I halv åtte tida i dag tidleg fekk ein Hiace sleng i det den skulle opp ei brekka og inn på hovudvegen.
Bilen byrja spinna og så skli bakover, men sjåføren fekk stoppa bilen før den sklei utfor ei skråning. Bergingsbilen til Treco-Bil vart rekvirert for å taua bilen opp på rett kjøl.
Det vert elles meldt om svært glatte vegar. Ein person melder at det gjekk ein time frå Lunde til Hodnanes grunna svært glatte parti enkelte stader.