Publisert av: Martha Nygård Lande
11/9/2024 07:05
Haustsesongen til a-laget er for alvor i gang med to strake sigrar og tabelltopp
Laurdag startar hausten også på heimebane når me tar i mot Vadmyra 2 kl 13:00 på Kunstgraset.
Allereie mandagen etter, 16.09. tar me i mot Olsvik 2 samme plass!
Før laurdagens kamp inviterar klubben i til gratis fotballunsj for barn og unge i klubbhuset frå kl 11:30 – 13:00 ️
Det blir «tipp riktig resultat i kampen»-konkurranse med flotte gavekort-premiar sponsa av Mandelhuset og Extra Tysnes. ️
Vel møtt både til lunsj og kamp! ️
Under kan du lese referat frå forrige bortekamp mot Lysekloster 3:
Endeleg var det duka for A-lagskamp igjen, og denne gang var det munkene frå Lysekloster som stod på motsatt banehalvdel. Begge lag hadde åpna haustesesongen med fine resultat, men våre menn var revansjesugne etter det forsmedelige tapet mot munkene på heimebane i vår.
Njardar/Tysnes tok kommandoen frå start, og oppgjeret var berre 7 minutter gamal når lynraske, Jonas Hagen Lunde, var for kvikk for munkene. Angriparen blei stoppa på uregelmessig vis og Njardar fekk tildelt straffespark. Frå krittmerket var goalgetter, Didrik Milde Torbjørnsen, sikker som vanleg, og espederte ballen trygt i
nettet til 1-0.
Njardar/Tysnes held fram med å produsere sjansar, og var solide bakover – medan Jonas Hagen Lunde gjorde livet surt for Lysekloster-forsvaret med farten sin. Etter snaue halvtimen spelt var nemlig Jonas på løp igjennom, men blei klippa ned. Dommar var ikkje i tvil – raudt kort til vertene.
Fem minutter etter utvisningen gjekk det frå vondt til verre for munkene. Midtbanemaskin, Jørgen Pettersen, snappa opp ei pasning i Lysekloster sine bakre rekker, og dobla kontant leiinga åleine med keeper. 2-0 stod seg til pausen.
Tysnesingar kviler ikkje på laurbæra, og var klare for å halde oppe trøkket også i 2.omgang. Og det tok ikkje lang tid før Marius Mikkelsen auka til 3-0 med ein markkryper ved stolperota, og Jørgen blei tomålsscorar med eit hovudstøt til 4-0 etter flott innlegg frå Rafael Sancho.
For å toppe kvelden, teikna også Samson Førdedal Huse seg på scoringslista når han lurte inn 5-0 etter strålande forarbeid av Aksel Lande. Ungguttens fyrste seriemål for A-laget – me gratulerer!
Lysekloster fekk eit trøstemål på straffe, før målgarantist Jonas Hagen-Lunde fastsatte sluttresultatet til 6-1.
Nok ein solid prestasjon på bortebane frå våre menn som topper tabellen etter 10 serierunder!