Publisert av: May Britt Meland
22/4/2024 08:07

Etter to guida turar med Osingar, manglar vi berre ein tur før dette vert ein tradisjon. Årets tur gjekk frå Dalen med 24 turgjengarar, 15 frå Os og 9 med tilknyting til Tysnes. Været vart det Yr lova og vårlufta gav uvanleg klår sikt og gode bilete. Når været er så bra vert turane litt lenger en det pleier.

Stølsutviklaren måtte bruke utestemme for å få folk til å reise seg både på Gjerstadstølen og Ilefjell. Fristande å bli sitjande i den varme vårsola. På Gjerstadstølen stod hendingane i kø: Kulturdel med stølsutviklaren, gjensyn med utflytta osing, Helge Hauge og ein gjenfunnen glad elghund.

Frå Ilefjell er det fritt utsyn nordover mot Os og Bjørnafjorden. Eit vakkert skue.
Jorunn Nytræ gjer oss nok sjansen neste år også. Alltid kjekt å vere saman med turvenner.

Tekst og foto: Tysnes turlag