Haustsesongen til a-laget
9/8/2012 07:06
A-laget er på ny i manko på habile fotballspelarar, og frir no til fråflytta spelarar som ynskjer å reisa heim i helgane.
Ei av to treningsøkter i veka vert flytta til fredagskvelden kl 1930, og Njardar/Tysnes seier seg viljug til å betala heimreisene til dei spelararne det gjeld.
Ein ynskjer med dette å prøve å behalda spelarar som reiser vekk for å gå på skule, men og å knytta til seg nye spelarar og spelarar som ynskjer å gjere “comeback”
Ein oppmodar difor interesserte til å ta kontakt med Kjartan Hagen på tlf 91741423, eller Geir Austvik på 91612391.
Geir Austvik kjem inn i trenarteamet, og vil halda treningane om fredagskvelden.
A-laget er heilt avhengig av respons på dette opplegget for å kunna fullføra sesongen som 11-ar lag. Alternativet er å søkja til Hordaland Fotballkrets om å få fullføra sesongen som 7-ar lag.