Haustmøte
30/9/2014 07:32
Tema vert levering av tømmer:
Kva må du vite nå du skal levere tømmer?
Innmelding, aptering (kapping) og levering. Det vert også orientering om frivillig vern av skog og skogbruksplanen som snart er klar til levering.
Jan Ivar Rødland frå Vestskog orienterer.
Det vert servering av noko å bita i.
Tysnes skogeigarlag ynskjer også å arrangera studietur for å sjå på Bioenergianlegg i Kvinnerhad (i Rosendal og på Sunde) laurdag 11. oktober med felles buss frå Tysnes.
Dersom du er interessert i å vera med på turen kan du gje ei attendemelding til vegard.helland@hotmail.com innan haustmøtet eller på haustmøtet.
I løpet av hausten håpar me også å dra igong eit motorsagkurs, dersom du er interessert i å delta kan du melde det til asta_midtbo@hotmail.com så prøver me å finne ei helg (fredag-laurdag) der alle har mogelegheit.
Både turen, haustmøtet og motorsagkurset er ope for alle interesserte!
Åsta Midtbø