Haustmarknad både på Tveit og i Våge

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/10/2025 14:28

På laurdag kan du få med deg marknad, med salg av både gjenbruk og nye ting, både i grendahuset på Tveit og i Våge sentrum.

Her kan du finne unike skattar og gjera gode kupp, blant anna innan handverk, klær, leiker, interiør og bøker.

I tillegg til å handle hos andre, har du også mulighet til sjølv å selge enten det er “lopper”, hobbyprodukt, lokalmat, egentlig kva som helst.

På Tveit vil det også vera kafè, slik at ein kan få seg litt kaffi m.m

Jannike Epland Dalland i Våge Sentrum seier til Tysnesingen at det fortsatt er ledig plass for dei som vil selga noko. Det er gratis å ha stand.

I Våge skal også Galleri Kreativ Tysnes halde ope.