Publisert av:
16/10/2016 09:53
Har du lyst til å dansa?
Me håpar å kunne ha slike kveldar omlag kvar 14.dag gjennom vinterhalvåret.
Det blir ikkje noko dansekurs i fyrste omgang,men kanskje har nokon steg og finesser dei kan lære frå seg?
Dersom ønskje om kurs i ein type dans kjem opp, kan det kanskje la seg gjera seinare.
Danserepertoaret blir til etter kvart,ut i frå ønskje som kjem fram, men hovudvekta blir nok på tradisjonell dans (sving,samba, gamaldans og evt. songdansar).
I tillegg til at dans er god trim, ønskjer me at desse kveldane blir ein sosial treffstad der me også kan kosa oss med kaffi og noko å bita i.
Vel møtt:-)
Uggdal Bygdalag/Opdal Ungdomslag