Har du ein god idé?
15/4/2015 11:05
Tysnes Kommune inviterer alle som har ein god idé til å ta kontakt med kommunen sitt næringsapparat. Kontaktpersonar er næringssjef ordførar Kjetil Hestad, næringskonsulent Helge Drange, landbrukssjef Øystein Svalheim og Astrid Kjellevold Steinsland frå Atheno. Alle kan bidra på ulike felt, innan ulike bransjar og i ulike fasar innan forretningsutvikling. Ved å kontakta ein av desse, kan du få hjelp til å vurdera ideen din eller rådgjeving i det vidare arbeidet.
For Tysnes kommune er arbeidet med å utvikla gründerkultur og det næringslivet som ein i kommunen skal leva av i framtida, særs viktig. Ein ynskjer å få fram moglegheiter som kan løfta lokalt næringsliv, og gi desse positiv starthjelp. Idear og eldsjeler fins, og håpet er at mange av ideane kan verta realisert og skapa varige arbeidsplassar i kommunen.
Gjennom 2015 vil det verta invitert inn til ulike fagsamlingar og kursopplegg. Ta kontakt dersom du ynskjer rådgjeving eller meir informasjon om dette.