Publisert av:
4/6/2015 06:10
Har du ein frysar til overs?
Tysnesfest har som kjent kjøken og matservering ganske mange stader på Tysnes.
Med dei temperaturane som har vore til no i «sommar» så kunne ein berre sett matvarene utandørs for å kjøla dei ned. Men me har høyrt rykte om fantastisk vær under festivalen, så me treng litt ekstra kjøling…
Om du har ein frysar som virkar, men som kanskje likevel er moden for utskifting set me særs stor pris på om du ynskjer å donera denne til oss.
Me har for så vidt også bruk for eit kjøleskap eller to, så om du har det ståande set me pris på det og.
Ta kontakt med Øystein på
telefon 960 45 140 eller
e-post: oystein.vaage@tysnesfest.no