Handballkampar søndag
8/1/2012 21:54
Kamp nr 1 i dag mellom Tysnes og Askøy gutter 12 vart ikkje spela, Askøy stilte ikkje til kamp.
Kamp nr 2 mellom Tysnes og Bjørnar jenter 13, vart ein spennande og gjevn kamp.
Halvspelt kamp var resultatet 4-8 til Bjørnar. To min igjen av kampen var stillinga 11-11.
Tysnes jentene kjempa tapert, men Bjørnar drar det lengste strået og vinn 11-12.
Kamp nr 3 i dag var mellom Tysnes og Bjørnar gutter 13.
Første omgang hadde Tysnes guttane full kontroll, og halvtidsresultat 7-4.
Andre omgang starta som den første, men med to min igjen var avstanden berre med eit mål.
Sluttresultatet vart 13-12 til Tysnes.
Kamp nr 4 var mellom Tysnes og Bjørnar jenter 14.
Det første målet kom ikkje før etter fem min.
Bjørnar var hakke bedre en Tysnes, og kunne gå i garderoben med 5-8 leiing.
Tysnes jentene hadde mange fine angrep, men for få av dei enda med mål.
Bjørnar jentene vart for sterke, og drog i land seieren med siffra 13-17.
Kamp nr 5, var dame kampen mellom Tysnes og Vaksdal.
Etter ein litt famlande opning, varta Tysnes damene opp med flott angreps handball, og kjørte over Vaksdal.
Tysnes damene leia etter halvspelt kamp med 13-5.
Andre omgang vart lik første, og i sluttminutta var det berre eit lag på banen, nemlig Tysnes. Sluttresultatet vart 32-16.
Tekst: Terje Instøy.
Foto: Terje Instøy og Gunnar Hansen.