Handballjenter i seiersrus
16/2/2014 11:12
Av fire spelte kampar, blei det tre sigrar. Det er ikkje dårleg levert av sjuåringane som har utvikla seg stort på handballbanen denne hausten.
Jentene frå Tysnes var delt i to lag – Tysnes 1 og Tysnes 2. Den første kampen vann Tysnes 1 mot Stord 3 og resultatet blei 9-8. Dette var ein jamn kamp der laga forsvarte seg godt og kjempa hardt for å få ballen i mål.
Deretter spelte Tysnes 2 mot jenter frå Bømlo. Tysnesjentene spelte med høg intensitet og vann komfortabelt 9-7.
Så var det Tysnes 1 sin tur mot blåkledde jenter frå Kvinnherad. Ein svært kjekk kamp som enda i målkalas for Tysnesjentene. Resultatet blei heile 11-4!
Til slutt skulle Tysnes 2 spela mot dei høge og sterke jentene på Stord 2. Dei hadde tydelegvis trent både på finter og kontringer, så den kampen blei i tøffaste laget for Tysnes 2 og enda med resultatet 7-11. Sju mål er likevel kjempebra og viser at jentene gav seg ikkje utan kamp!
Tekst og foto: Lena Vermedal