Handballfestivalen 2011

Publisert av:
14/6/2011 07:20

Det var J10,11,12,13,14 og mini Alle laga bortsett frå J12, pendla kvar dag, medan J12 overnatta på skule.

Det var utruleg kjekt å sjå at sjølv om ein kjem frå Tysnes og har kun eit lag i kvar aldersnivå, så klarar dei seg utruleg bra mot mange av dei store klubbane frå Bergen og omeng, som har både 2,3 og 4 påmeldte lag !

Minilaget(F2002) hadde sin fyrste ”skikkelege” kamp i denne cupen. Dei har ikkje vore med i serien i år, og dei var nok ganske spente! Men klarte seg kjempebra (Les ref frå laget v/Anita)
2405  Tysnes (Lørdag)   –  Stord-G3   6 – 6   U     
2392  Tysnes (Lørdag)   –  Stord-1   10 – 5   H     
2411  Stord-5   –  Tysnes (Lørdag)   0 – 0   U     
2689  Stord-2   –  Tysnes (Lørdag)   6 – 4   H   

J10(F2001) fekk ein litt tøff overgang. Dei har spelt mini i heile år, og skulle no for fyrste gong spela på full bane.  Men dei kom seg for kvar kamp, og fekk betre og betre tak på det.  Gler oss til fortsettinga til hausten!
3175  Tysnes   –  Nore Neset-3   6 – 6   U     
3166  Tysnes   –  Sotra-3   2 – 6   B     
3156  Tysnes   –  Åsane-1   6 – 8   B     
3128  Tysnes   –  Nore Neset-1   2 – 5   B     
3137  Sotra-1   –  Tysnes   5 – 3   H     
3147  Tysnes   –  Åsane-2   2 – 4   B     

J11(f2000) har hatt ein fin sesong, og det var vel litt forventingar på at desse skulle klara seg bra på cupen. Synd det ikkje var sluttspel på desse, då dei gjorde reint bord! (eige ref frå laget v/Frid) 
3258  Kjøkkelvik-1   –  Tysnes   3 – 7   B     
3275  Tysnes   –  Kvinnherad Halsnøy   5 – 5   U     
3269  Tysnes   –  Sotra-1   4 – 3   H     
3264  Tysnes   –  Bønes IL-1   9 – 0   H     
3280  Tysnes   –  Knarvik IL 1   13 – 4   H     
3253  Tysnes   –  Bjørnar Lilla 1   9 – 6   H     

J12(f1999) var òg eit lag som ein kanskje hadde litt forventningar til. Terje og Beate har jobba hard og lenge med dette laget, som består av ganske mange spelarar. 

13 spelarar hadde dei med seg på cup (ikkje alle som kunne spela alle dagane) I dei Innleiande kampane gjekk det ganske bra. Vart eit tap, elles reint bord. Dei havna på 2.plass i pulja si. På lik poengsum som 1.plass men med dårligare målforskjell. Dermed vart det A-sluttspel på jentene.

1/8.finalen vant dei 3-0 over Odda, men dessverre vart Bjørnar Rød for sterke for dei i kvartfinalen. Der tapte dei 9-5. Jentene spelte veldig bra gjennom heile cupen. Dei jobba bra ilag, forsvaret sitta betre og betre, og ikkje minst kjempegodt spel av keeperane!

Desse jentene var heile helga på Stord og koste seg ilag både på dagtid og kveldstid (sikkert på natterstid òg!!) Alle får ros over fin oppførsel – kjempegjeng å reisa på cup med!
2194  Tysnes   –  Bjørnar Blå   7 – 3   H     
2197  Tysnes   –  Nore Neset blå   9 – 13   B     
2190  Tysnes   –  Sotra-2   5 – 3   H     
2201  Tysnes   –  Kjøkkelvik   9 – 5   H     
2204  Tysnes   –  Åkra-2   5 – 2   H     
Sluttspill
2017 A-1/8-finale 8   Tysnes   –  Odda   3 – 0   H     
2060 A-Kvartfinale 4   Bjørnar Rød   –  Tysnes   9 – 5   H     
 
J13(f1998) var også eit lag som gjorde det veldig bra på cupen – litt som forventa.  Problemet til dette laget er manko på spelarar – kun 8 stk, og ein av dei er redusert pga skade. Og gjennom ein tøff cup, så blir det meir og meir merkbart, at er få (2 av spelarane spelte òg på J14) Men heldigvis får dette laget god hjelp av Thea Sløgedal frå J12, som styrker laget veldig! I løpet av festivalen var også Amalie Tysnes innom for å hjelpa i ein kamp! 

Pulja dei havna i var ganske gjevn. Laget på 1.plass fekk 8 poeng, plass 2,3 og 4 fekk alle 4 poeng. Tysnes sitt lag havna på 3.plass. At laget ikkje kom til A-sluttspelet, gjorde ikkje så mykje, for det er jo ein finale i B-sluttspelet ein kunne gå for òg. Berre synd at det kom eit Stordlag i veien for denne planen, i semifinalen. Her vart det eit surt eitmålstap på jentene. Var ikkje heilt lett å svelga skuffelsen, men jentene gjorde ein knall-cup!
Det kjem eigen ref frå trenarane(Elin&Rita)
2527  Åsane-2   –  Tysnes   7 – 6   H     
2532  Rival   –  Tysnes   7 – 13   B     
2524  Sotra-1   –  Tysnes   5 – 4   H     
2525  Tysnes   –  Mathopen   8 – 7   H     
Sluttspill
2622 B-1/8-finale 2   Tysnes   –  Åkra-1   9 – 4   H     
2636 B-Kvartfinale 1   Kjøkkelvik   –  Tysnes   4 – 6   B     
2644 B-Semifinale 1   Tysnes   –  Stord   6 – 7   B    

J14(f(1997) er eit lag med 7 spelarar, satt saman av jenter frå 1997 og 96, og dei spelte derfor med disp(*). Det vil sei at dei får spela kampar i innleiande gruppespel, så får dei ein kamp vidare i sluttspel, som dei uansett ikkje vinn, sjølv om kampen endar med seier. Dette pga dei då har med seg spelarar som tilhøyrer klassen over. Men for at jentene i det heile skal få reisa på cup, og ha det litt kjekt ilag, så valgte dei denne løysinga. I tillegg så får dei hjelp av Martine og Ina frå J13

Det vart nokre veldig spennande kampar på lørdagen for dette laget. Då måtte dei 2 lag som dei absolutt burde ha tatt poeng frå, men det ville seg berre ikkje. Så det vart nok tap i alle kampane, men jentene gjorde ein kjempeinnsats.  Berre vent til sesongen starter igjen- då kjem nok lagets fyrste seier!!
J14 – Pulje 2
2662  *Ølen   –  *Tysnes   6 – 2   H     
2668  Bønes IL   –  *Tysnes     –           MC
2665  *Tysnes   –  Askøy-1   5 – 13   B     
2664  Sotra-1   –  *Tysnes   17 – 3   H     
Sluttspill
2021 B-1/8-finale 8   Sotra-3   –  *Tysnes   1 – 0   H     

No skal alle laga i T.I.L ha ein lang og god sommarferie, med masse sol, bading og Tysnesfest! Og ikkje minst, men masse egentrening, så sjåast me alle i hallen i august igjen!

GD SOMMARFERIEN TIL DÅKE ALLE!!!

Pst….. påmeldinga for årets handballskule er no starta!!