Hadde du tenkt deg på isfiskekonkurranse på Laurdag?
2/4/2019 09:47
Både isfiskesimulatoren og fiskekonkurransen var diverre berre ein aprilspøk. Takk til Bjarte Erstad og Patrick Madsen som blei med på spøken.
Kor vidt det faktisk blir lagt opp til ein isfiskesimulator på E-bryggjo eller ikkje, kan berre framtida vise. No handlar det fyrst og fremst om å bli ferdig med oppgraderingane av bryggja med straumopplegg og montering av skjørt. Så dersom du likevel hadde tenkt deg til Våge for å studera isfiskesimulatoren , fortvil ikkje. Det foregår mest sannsynlig aktivitet på E-bryggjo denne veka.
Medan Tysnesingen heldt på med å ta bilete til årets aprilspøk på Laurdag traff me på denne karen, (Trond Tvedt). I duskregnet hadde Trond innteke rolla som arbeidsleiar for dagens dugnadsinnsats og forsøkte etter beste evne å leia desse to karane (Marcus Dalland og Sigvard Madsen) på bilete under.
Trond kan melda om at dugnaden i helga gjekk etter planen trass litt dårleg vêr og to eigenrådige dugnadskarar som ikkje alltid var like lett å leia. Det viktigaste var nemleg på plass – god stemning. Ein har no fått på plass det meste av infrastrukturen slik at resten av skjørtet kan monterast. På Bryggja låg over 600 ferdigkappa plankar klare til å bli montert.
Så har du ei stund til overs, sjekk ut facebooksida til Våge Gjestehamn. Der finn du informasjon om når det er dugnad på E-bryggjo.