Publisert av:
5/7/2011 11:49
Ha god tid til ferja
Tysnesfest byrjar oppkøyringa og ein ser alt meir aktivitet i Våge. Som om ikkje det er nok så vert det denne veka asfaltert i Våge.
Det er ferjekaien og vegen innover mot Essoen som får nytt dekke. Med sommartrafikk og Tysnesfest for døra kan det bli litt ventetid grunna asfalteringa, då det er manuell dirigering.
Du bør difor ikkje vera ute i siste sekund om du skal med ferja, då det blir litt stopp i trafikken utover mot kaien innimellom.