”Gutta på tur” til skogs på Onarheim
29/5/2009 19:38
Det er lite som stoppar desse karane – tur vert det nærast uansett vêr. Turklubben består av 50-60 karar. Dei har klubbstyre, medlemskontingent og eiga nettside. På årsprogrammet har dei om lag 30 turar. Det er jamnast ein del som av ulike grunnar ikkje kan vera med kvar gong, men det er alltid ein god gjeng som tek ut.
Torsdag 28. mai hadde dei lagt turen til Onarheim – frå Nesthus, langs Onarheimsvatnet og ned til Vattedal. Ein av karane, Kristoffer Lien, er utflytta tysnesing frå Nesthuslio. Det var han som hadde lagt ruta og var turleiar denne gongen.
Starten var ved hytta til Kristoffer – ikkje langt frå barndomsheimen hans. Der var det fri utsikt mot Storaheio der ein meiner Claus Pavels Riis henta motivet til ”Anne Knutsdatter”. Så bar det opp framom Trodlahidleren til Hagareset der det første skulehuset på Onarheim stod. Frå reset der med utsikt mot kyrkja, fekk dei ei lita innføring om Onarheim som tingstad og gildestad. Og frå Jensa-tunet på Øvre Onarheim var det farfar til kaptein Theodor Onarheim i si tid flytta ut. Theodor Onarheim var karen som starta opp sildoljefabrikk på Kjøtteinen i 1919 (i dag Aker Stord).
Vidare gjekk turen gjennom Onarheimstræ og framom Sluskahålo der Petter Russ, Svarta-Smed’n og Gubba-Gudnar’n leita etter svovelkis i 1870-åra.
Rett ovanfor Sluskahålo bar det opp på nyrydda sti til murrestane av standplassar og skyttarhus der Onarheim skyttarlag dreiv sine aktivitetar frå 1946 og nokre år framover.
Halvvegs langs austsida av Onarheimsvatnet var det tid for rast med nistepakke og termos.
Ved nordenden av vatnet tok Kristoffer av i retning Vattedal, og i gåsegang på ein tydeleg velbrukt tursti gjennom frodig natur, gjekk turen ned til Vattedal, Nesthus og til utgangspunktet.
Herleg tur – sjølv om det kom nokre regnbyer undervegs.