Golf på opptur

Publisert av:
13/7/2012 21:42

Golfbanen på Dalen har no blitt til ein 6-hols bane med to utslag på kvar, og alle greenane er oppgradert og blitt mykje finare. I tillegg har ein driving rangen.

To av dei største golfentuasiastane på øya er Jan Vaage og Oddvin Flornes. Dei jobbar mykje dugnad for å halda golfbanen på eit godt nivå, og dei ynskjer at fleire skal bruka banen.

– Takka vera sponsorar, grunneigarar og dugnad kan me tilby ein flott golfbane på Tysnes, seier Vaage og Flornes.

Dei synes golf er ein flott sport. Du kjem deg ut, er for alle uansett nivå, får god trim og sist, men ikkje minst så er det sosialt.