Godt belegg

Publisert av:
26/7/2011 20:37

Den heilt store sommaren har lete venta på seg. Sola har vore innimellom, men mest har det vore regn og grått.

Trass dette, og at me er i slutten av feriemånaden, så låg det tysdag føremiddag 20-25 båtar ved Våge Hamn. Nokre av dei kasta loss i dag for ny hamn, medan andre kom til.

Ein av båtane Tysnesingen snakka med kom frå Fedje-området. Det hadde vore skodda heile turen sørover til Tysnes, men dei var fleire båtar i lag og hadde fin tur saman. Men dei hadde tru på godvér frå onsdag av.

Tida vil visa… Kanskje sommaren kjem i morgon? Yr.no har brukandes meldingar!