Gode folk på Onarheim!

Publisert av: May Britt Meland
2/4/2026 12:46

Eg veit ikkje om dette er slikt ein gjer, men eg er nødt å fortella om ein i utgangspunktet “vanleg” tur fra Stavanger til Strandebarm på påskeferie.
Eg fekk ei varsellampe i bilen då eg kjørte om bord på ferja i Jektevik som varsla om lite olje.
Eg snakka med ein kjekk herremann som arbeida på ferja og lurte på om han hadde ein skvett olja til overs. Det hadde han ikkje, men han sjekka litt opp og fann ein passasjer på ferja som han kjende.
Eg fekk beskjed om å følga etter den grå Outlanderen når eg kjørte av ferja så skulle eg få olja.
Eg hang meg på og blei geleida heilt heim i tunet til eit fantastisk hjelpsomt par der han hadde ein særdeles velutstyrt garasje og fylte på bilen min.
Han var visstnok tidligare bilmekanikar og hadde visst òg jobba på ferja. Eg veit ikkje kva dei heiter, men dei budde langs vegen etter Onarheim, ca 15 km frå ferja.

Dei redda turen for meg og ungane og sparte meg for potensielt mykje trøbbel og ein dårleg start på påskeferien.

Tusen takk for hjelpa! Bygd trumfer by i alle kapasiteter! ❤️

Renate Tangerås