God stemning på Dansegalla

Publisert av:
20/8/2011 22:08

Ved halv tolv tida laurdag kveld hadde Tysnes musikklag seld 380 billettar til Dansegallaen i Tysneshallen. Men då var det enno nokre timar igjen, og mogleg for fleire danseglade tysnesingar.

For Gruppesax og Tor Endresen/Bjørn Jensen skulle halda det gåande til klokka to i natt med non-stop dansemusikk. Dermed var danseparketten full av folk stort sett heile tida. Samstundes er dette arrangementet eit sosialt tiltak der ein treff igjen mange gamle kjente frå tidlegare av som ein kan få slått av ein prat med etter gamalt.

Bladet Tysnes har lagt ut på Youtube >>>