Publisert av:
4/4/2010 17:43
God stemning
Mandelhuset har vore treffstaden for mange tysnesingar denne påskehelga. Utflyttarar er ofte heime i påsken, og ein tur innom den lokale puben følgjer med og sjansen er stor for å treffa kjentsfolk.
Skjærtorsdag var ein av desse kveldane. Fyrst var det stand-up show, før det var musikk og fest frå the Real Bad Troubadour – alias Kenneth Hatteberg.
Han fekk opp stemningen med kjente festlåtar. På reportoaret til Real Bad Troubadour står mellom anna irske låtar, country rock – roots & grooves og kjende skandinaviske låtar.