God Kveld Friviljugfest!

Publisert av:
1/9/2015 11:34

Friviljugfest etter Tysnesfest vert Laurdag 12. September!

Tysnesfest 2015 er allereie innskriven i historiebøkene. Nasa er snudd framover, og attende ligg gode minner og flotte bilder frå ein festival med over 26.000 besøkande!

MEN, det er ein vesentleg ting som står att etter årets festival:

-Me vil gjera stas på alle dykk som på eine eller andre måten var med å skapa det magiske eventyret Tysnesfest vart!

-Anten du lånte ut utstyr, tomta di, eller var ein av dei mange friviljuge som var med å dra lasset, og som på eine eller andre måten bidrog til at Tysnesfest 2015 gjekk inn i historen med suksess, så bør du lesa invitasjonen under!

Gjer klar latteren, ta med deg det du treng, og bli med på friviljugfesten etter Tysnesfest 2015!

-Festen blir i Grendatun(kan verta endra) Lørdag 12. september klokka 19.00

-Me som arrangerar syt for at føresetnadar for trivsel er tilstades

-Mandelhuset vil levera mat til både store og små.

-Det vert sal av drikke. Både til køyrande, passasjerar og til fotgjengarar.

-Det vært gitt ut 3 drikkebongar til maten.

Festivalen vært oppsumert i kveldshowet «God Kveld Friviljugfest», som er eit slags underhaldningsarrangement med spanande gjester. Det blir vist både film og bileter frå festivalen.

Ut over kvelden bllir den musikk i og sang, då TBA skal ha konsert.

Dette vert heilt sikkert ein rasande kjekk kveld!

Meld deg på til maria@tysnesfest.no – eller sms til 90655788.

Påmeldingsfrist: 08. September.