God kamp trass tap
13/12/2008 16:45
Det var aldri tvil om kor sigeren ville gå i dagens kamp i Tysneshallen mellom Tysnes og Stord gutar 13. Det var botn mot topp på tabellen.
Trass i at det vart tap 10-28 var det ein oppløftande kamp av Tysnes. Særleg 1.omgong spelte dei godt.
Torstein Flakke opna kampen med eit kanonskot i stolpen, og fulgte opp med fleire gode skot.
Stord hadde imidlertid meir tempo og ballkjensle i spelet sitt og leia 12-7 til pause.
Men Tysnes, trass underlegne, prøvde og prøvde – sikkert ganske inspirert av keeper Andreas Leite som leverte fleire gode redningar. Stord hadde full kontroll ut kampen, men heimelaget må ta med seg den gode 1.omgongen til siste halvdel av sesongen over nyttår.
Desse var med: – Andreas Leite, Aksel Lande, Torstein Flakke (4), Morris Skulstad (1), Fredrik Kleppe (1), Jon Enes (1), Sven Arild Kongsvik, Håkon Amland, Daniell Hauge Hansen (3), Tobias Helland, Aleksander.