God kamp av gutelaget til Njardar
5/10/2012 10:57
Trott spelar på nivået høgre enn Njardar, og ser ut til å verta nr. 2 i pulja si. Med andre ord eit av dei beste gutelaga i distriktet. Sjølv om Trott hadde ballen mest i starten, var det Njardar som scora fyrst. Dette skapte ein del frustrasjon hos Trott. At kampen til slutt enda med ein tomålssiger til Trott, var greitt nok.
Det var to ting som gledde meg som tidlegare fotballtrenar.Det fyrste var at når Njardar fekk ballen, var det god bevegelse, og ballen gjekk kjapt frå spelar til spelar. At det førte til ein del feilpasningar, er heilt naturleg på dette alderstrinnet. Forsvaret “måka” ikkje ballen framover i håp om å treffa ein medspelar,med prøvde å spela seg ut. Veldig bra!
Det andre var den positive tonen mellom spelarane. Sjølv då baklengsmåla kom, var det oppmuntrande ord med “stå på” kommentarar til dei som var innvolverte i baklengsmåla. Kjempebra ! Trott hadde mykje større problem med å vera positive. Dei vart nok overraska over dei gode spelarane til Njardar. Frustrerte over å ikkje få meir til.
Det eg såg torsdag kveld gjer meg meir optimistisk enn på lenge om framtida til Njardar sitt A- lag. Eg såg konturane av eit framtidig A- lag med både treningsvilje og speleforståing.
I tillegg er det eitt uttrykk som uansett er det viktigaste om ein skal lukkast, nemleg gode haldningar. Eg har gått mellom desse ungdomane på ungdomsskulen dei siste åra, så eg veit kva dei står for. Det å overføra dei gode haldningane til fotballbana, er ikkje alltid like lett, særleg i motgong. Det klarte desse ungdommane med glans. For meg var dette ei flott oppleving. Her har trenar Øystein Utne fått fram det beste i spelarane, både sportsleg og personleg. Lukke til vidare !
Helge Olav Instøy