Brua over Bjørnafjorden . Illustrasjon AMC

Gledeleg nytt

Publisert av: May Britt Meland
10/3/2021 18:46
Neste veke legg Samferdselsdepartementet fram Nasjonal transportplan (NTP), som viser regjeringa sin plan for samferdselsprosjekter dei neste ti åra.

I dag melder nrk.no at det vert pengedryss over Vestlandet.
Regjeringa vil bygge både Hordfast og ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle. Totalt vil prosjekta koste 64 milliardar kroner. Men det er uvisst når byggestarten blir.

No slår regjeringa på stortromma og set av pengar til å starte opp begge delar i ny nasjonal transportplan:

  • Hordfast: Ny E39 mellom Stord og Os forkortar reisetida med nærare ein time, altså til ein halvtime. Det vil koste 37,7 milliardar kroner.
  • E16 Bergen-Voss: Det blir ny veg og jernbane på den sterkt rasutsette E16 mellom Arna og Stanghelle eller Dale. Dei skal byggast nokolunde samtidig og vil gi tryggare veg og kortare togreise austover. Kostnadsanslaget er totalt 26,4 milliardar kroner: 12,7 milliardar kroner til bane og 13,7 milliardar kroner til veg. Delar må bli finansiert av bompengar.

Les heile saka på nrk.no