Publisert av:
25/1/2009 19:41
Gjekk opp løype
Som nemnt i går hadde Onarheim idrettslag lagt skiløypa frå Solheimsdalen til Grovatnet med snøscooteren.
For dei som ville gå lenger var det utan tilrettelagt løype. Arvid Gaugstad var tidleg på’an i dag til fjells. Han trakka dermed opp skiløype frå Grovatnet til Såto, og ein åtte-ti personar nytta seg av dette og tok skia fatt mot Tysnes høgaste punkt, melder fotograf Åsta Hansen til Tysnesingen.