Generalsponsorar av Tysnesfest år 2011
30/6/2011 07:46
Som Generalsponsor viser vi at vi er samfunnsengasjert for heile Tysnes og ynskjer å spele på lag med dei engasjerte personane som for femte år arrangerer ein fantastisk familiefestival på Tysnes. Det er òg ei felles satsing på kulturbasert næring. Gjennom vårt nære samarbeid viser vi at vi har tru på Tysnesfest også i åra som kjem, seier banksjef Siri Berggreen og dagleg leiar i Tysnes Kraftlag, Steinar Austefjord.
Til saman bidrar desse to sponsorane med arbeid og midlar til ein verdi av om lag 200 000,-.Dette er midlar som blant anna skal sikrar ein stilling i stiftelsen Tysnesfest som igjen sikrar kvalitet og økonomisk rydiggheit og tryggheit. Mykje av midlane vert òg fordelt vidare til lag og organisasjonar ved at dei arbeider for Tysnesfest fortel Sigvard Madsen.
Like viktig som økonomisk sponsing er kompetanseoverføring, lån av utstyr ,og personalressursar. Tysnes Kraftlag tilrettelegg blant anna for alle elektriske tilkoplingar og Tysnes Sparebank stiller med rådgjeving og støtte til kontanthandtering og utvida kontantbank under festivalen.
Generalsponsorane gler seg til TysnesFest og er klar for innsats. Vi ønskjer alle gjestane, dugnadsgjengen og heile Tysnes lykke til med eit strålande arrangement.