Gå ikkje glipp av årets Juleshow av og med 10. klasse ved Tysnes skule!

Publisert av:
5/12/2016 21:36

10. klasse ved Tysnes skule inviterer til Juleshow fyrstkomande torsdag 8./12. og fredag 9./12. kl 19:00 i Vonheim Våge. 

Denne veka er satt av til førebuingar og øving, og tradisjonen tru byr elevane på song, musikk, sketsjar og ymse overraskingar. 

Eit av innslaga vert film frå klasseturen dei hadde på seglskuta «Storebelt» i Holland i haustferien.

 

Billetter er i sal på Joker Årbakka, Joker Uggdal, Bunnpris Lunde og Tysnes Blomster og interiør. Billetter kan òg kjøpas i døra (om det er meir igjen.https://www.facebook.com/images/emoji.php/v6/f4c/1/16/1f642.png:-)

 

Merk at fredagen kan ein kun kjøpa billetter på Tysnes Blomster og interiør samt i døra. Løp og kjøp!:-)