G12 på Puttefestival

Publisert av:
27/8/2012 04:33

Dei spelte fire kampar mot Stord-lag, to G12 og to G11. Gutane hadde med seg masse godt humør og mykje speleglede.

Fyrste kampen tapte dei så vidt 2-3. Deretter vart det uavgjort 1-1. Deretter var det to sigrar på rad. Godt keeperspel, eit godt forsvar og hissige målskårarar på topp gjorde at første sigeren vart 5-2 og siste kampen enda 3-0.

Ein flott dag på Stord og gutane og trenar tek med seg gode resultat vidare i serien.